Konsertanmeldelser

skrift_dovregubben_utenfjell_flatt_1

Utdrag fra anmeldelse på www.ballade.no 21. februar 2014:

«Alle utøvarne er framifrå, og heile framsyninga kviler på eit solid fagleg fundament som skapar kunst- og musikkopplevingar på fleire plan».

«At eit konsept kan halde seg gjennom 14 år er eit kvalitetskriterium i seg sjølv. Det vitner og om kvalitet at desse konsertane fenger folk i fleire aldrar på ulike måtar».

«All ære til Eline Hjelle og Gunnar Petersen-Øverleir som har stått for opplegg og regi i alle desse åra, og som no har supplert med nettsida www.piumosso.no. Eg gler meg allereie til å ta  minstemann med på konsert om eit år eller to. Barnas Konserthusserie er eit flott og viktig tilbod i ei tid der den klassiske musikken får stadig mindre plass i det offentlege rommet og i mange liv».

skrift_perter

Utdrag fra anmeldelse på www.periskop.no 13. februar 2015:

«Laurdag 17. januar stod verket (Peter og ulven) på plakaten i regi av Barnas Konserthusserie i Lille sal i Oslo Konserthus. Barnas Konserthusserie har etter kvart over 15 år på baken, og konsertane i serien er bygd over same konseptet: Som regel står eitt verk, eventuelt ein komponist, i sentrum. Ei ramme med blokkfløyteintro, avslutningssong og konkurranse er fast. Men i det musikalske og eventuelt sceniske produktet er det óg fast skikk at hovudverket blir belyst av annan relevant musikk. Som oftast frå same komponist, eller i alle fall same stil og epoke, og det gjer at den glir naturleg inn i samband med hovudverket og gjerne set det inn i ein større samanheng».

«Det vi var på veg inn i var 1. sats i ein fløytesonate av Prokofjev, to dansar frå «Tre fantastiske danser» av Sjostakovitsj, og «Vocalise» av Rachmaninov. Musikk frå same land og tid, men heilt sjølvstendige verk. Og til desse vart det vist bilete på storskjerm. Det var fuglar og ender, inkludert ei badeand i plast og konsertserien sin eigen maskot, pingvinen Piu. Fuglebileta akkompagnerte fløytesonaten av Prokofjev, og dermed var linken mellom fuglar og fløytetriller etablert. Til pianodansane av Sjostakovitsj fekk vi vakre vinterbilete med snø og is, som skifta i tett samband med strukturane i musikken».

«Til slutt kom det mest kjende av dei ukjende verka, Rachmaninovs «Vocalise» for fiolin og klaver. Først akkompagnert av vinterbilete av snø og skiløyper, så av andre årstidsbilete med vakre blomar og haustgule blad. Dette var ein heilt strålande sekvens der det gjekk over alle grenser tydeleg fram at ja, kunstartar kan samspela, og ja, kunst og pedagogikk kan vera to sider av same sak. Plutseleg sat ein flokk ungar og høyrde på autonom, russisk 1900-tals-instrumentalmusikk som den mest naturlege sak av verda. Og det fenga. Denne sekvensen hadde nestan vore nok i seg sjølv, og var på mange måtar det beste i heile konserten».

«I det heile var dette ei svært vellukka framsyning der dei ansvarlege nok ein gong lukkast med å kople ny og annan musikk til hovudverket, og ved hjelp av dei visuelle bidraga først gje ein tolkingsmessig inngangsport til det. Det var det nye trekket i denne framsyninga, og eg tek hatten av for slikt».

«Eline Hjelle og Gunnar Petersen-Øverleir gjev gong på gong døme på glitrande pedagogisk tilrettelegging og strålande formidling gjennom det kunstnarlege produktet som er essensen i kvar konsert».